Veg Fardal - Mannsverk

Nærstående sprengninger

Ingen planlagte sprengninger

Nylig utførte sprengninger

Ingen sprengninger utført nylig

Driftsmeldinger

Ove Nes 08.12.2014
Veke 50:
Denne veka vil vi halde på Staai med oppfylling av veg, grøftegraving og muring. Litt betongarbeid står også att i Staai og ved Øyrehagen.
Ved Hagen held vi på med sprenging og vegbygging. Det er her vi har størst behov for å stenge vegen. Men no er det ein heller urolig vertype, så vi må ta det dag for dag om det er forsvarlig å sende trafikk over Slakkali.
Vi stenger vegen ved Hagen tirsdag 9.12. Men vi er forberedt på å opne på rimelig kort varsel om køyreforholda på fjellet endrar seg til det verre. Det blir sendt ut nytt varsel for onsdag og torsdag. Vermeldinga for desse dagane ser ikkje bra ut.
Men De må fortsatt rekne med ein del heft der vi held på.


Ove Nes 18.11.2014
Veke 47:
Som De ser holder vi no på å gruse strekninga mellom Håvard Øyrehagen og Bekkedal.
Vi skal også sette i stand strekninga mellom Håvard Øyrehagen og Agnar Fardal denne veka. Planen er at vi legg asfalt heile strekninga mellom Bekkedal og ned til svingen ved A. Fardal tisdag 25 november.
I avkøyringa i Staai pågår det sprengingsarbeid, og litt lenger opp avsluttande betongarbeid.
Mellom Bedehuskrysset og Uglane pågår det også mykje arbeid framover.
Det er mykje som skjer no som inneberer heft og kortare stengingar. Men slik må det dessverre være til vi er ferdige. Vi tar hensyn til bussen, så det kan være eit tips at då er det ein mulighet til å kome seg rimelig uhindra i gjennom. 


Ove Nes 10.11.2014
Veke 46:
Vi må halde stengt denne veka også, for å få støypt betongmuren ved Jens Øyrehagen. Fundamenta skal vere så breie at det ikkje er plass til veg forbi mens vi støyper desse.
Vidare sprenger vi heilt nede i Staai, og i løpet av veka startar vi med natursteinsmuring her. Prøver også å få støypt siste strekket som står opent ved Aasmund Fardal.
Ellers foregår det seg mykje mellom Bekkedal og Jermund Venes. Klargjering til å ta i mot veghøvel. For vi vil prøve å få asfaltert mest mulig her i haust.

Ove Nes 30.10.2014
Vil berre gjere Dykk oppmerksom på at omkøyringsvegen over Slakkali vil bli stengt i helga. Altså frå fredag 30.10.14, til mandag 3.11.14.

Ove Nes 30.10.2014
Veke 45:
Det blir stengt i Staai i veke 45 også. Frå mandag 3.11.14, kl 9:00 til torsdag 6.11.14, kl 16:00. 
Ellers blir det arbeid langs vegen opp til Brekkedal. Utviding til full bredde frå Jermund Venes til Brekkedalen. Sprenge ferdig under dei store kraftlinene, og ved Agnar Fardal. Arbeider meir i avkøyrsla i Staai, og grøftegraving opp til avkøyringa til Nondal. Betongarbeidet vil foregå på fleire plassar. Ved Aasmund Fardal og Jens Øyrehagen bl.a. 
Ellers er denne sida tenkt til litt meir utfyllande informasjon, så vi tar gjerne i mot tilbakemeldingar på kor det fungerer.

SMS varsling

Ønsker du å bli varslet per SMS i forkant av sprengning?

Ingen dokumenter

Ingen historikk

Listen viser historikk for siste 7 dager.